A new article in a norwegian newspaper.
http://www.vikebladet.no/meini…-kald-fusjon-12702999.ece
Frå segl til kald fusjon
Tilgangen på energi er i all praktisk forstand uavgrensa, kommenterer Ivar Mork
Ein ofte repetert, tabloid påstand er at verda går med sjumilssteg mot ei energikrise som kan føre til samanbrot av det teknologidrivne samfunnet.
...
I don't know if the journal is respected.
It makes a review of Cold Fusion fiasco, then ask question about what is happening now, citing the work of Leif Holmild
QuoteDisplay More
Vitskap eller humbug?
Å tukle med kald fusjon har seinare vore ein sikker måte å rasere ein vitskapleg karriere på, men eit lite miljø har likevel halde fram med forskinga – av alle stader i Noreg. Det er fleire seriøse fysikarar som no meiner at kald fusjon kan funderast teoretisk og truleg realiserast i praksis.
Den svenske forskaren Leif Holmlid har oppdaga eit nytt materiale, kalla ultratett deuterium (tungtvatn). I dette stoffet ligg atoma tusen gonger nærare kvarandre enn i solkjernen. Ved å tilføre energi frå ein laser kan fusjonen i teorien triggast.
Den norske forskaren Sindre Zeiner-Gundersen har bygd ein fusjonsreaktor på dette prinsippet, og han får ut energimengder, som etter seiande, ikkje kan forklarast anna enn med kald fusjon.
Me veit lite om korleis me vil tappe energikjeldene i framtida, men me veit i alle fall at me aldri vil verte lens for kjelder. Problemet er å utvinne energien effektivt og transportere den fram til brukaren til marknadspris og utan skadelege utslepp.
Bruken av fossilt materiale til brensel må trappast ned, sidan me alt har fyrt opp ein farleg temperaturauke på kloden vår. Denne erkjenninga har sett fart i forsking og teknologiutvikling knytt til andre energikjelder.
Skulle det vere så vel at kald fusjon likevel er mogleg og kan vinnast ut i industriell skala, er alle energiproblem løyste for all framtid. Ein bil kan køyrast i heile si levetid for energien i ei teskei vatn – eller endå mindre.